INNSPILL: Knut Vadla, Fiskarbonde, lærar og blåskjedyrkar

«Med lov skal land byggjast, og ikkje med ulov øydast», heiter det i Håvamål. Dagens fiskeripolitikk er eit generaleksempel på kva lovbrot kan medføra.

Knut Vadla, Fiskarbonde, lærar og blåskjedyrkar

Fisken er vår viktigste resurs. Inntil me fekk olja på 80-talet, stod fisken for 80 prosent av norsk eksport. Ingen av våre fylke har så rike «evigvarande» naturresursar som Nordland, Troms og Finnmark. Her ser me tydeleg konsekvensen av trålarkapitalens ran. Massevis av fiskevær er langt på veg avfolka og fråflytte. Fisken som er rana frå folket av eit fåtal norske oligarkar, må tilbakeførast til sjarken og kysten. Deltakarloven legg til rette for at dei marine resursane først og fremst skal koma kystbefolkningen tilgode.

Så nå må Storting og Regjering koma på banen og rydda opp. For det er dei som skal ha styringa med fisken (folkets eigedom). Men Storting, departement og Fiskeridirektoratet har ikkje vore sitt ansvar bevisst. I staden for å styra tildelinga av fiskekvotar, delegerte dei i 1980-åra styringa til kapitalsterke fiskarar. Dei let med andre ord «bukken passa havresekken».

Det var som å starta ein ildebrann: Trålreirane byrja å selja kvotane dei hadde til låns for mange millionar kroner, og slo seg opp til mangemillionærar over natta, - og dei som ville ekspandera kjøpte opp så myke kvotar dei etter kvart kunne få tak i. Dette har medført at den havgåande flåtegruppa med store båtar, i dag disponerar nær halvparten av dei norske fiskeressursane.

Kjøp og sal av folkets fiskekvotar er absurd, - det må avviklast.

Kjøp og sal av fiskekvotar er den største katastrofen som har råka vår kyst, og framleis søv Storting, Regjering og Fiskeridirektoratet. Aller verst har det gått ut over Nordland, Troms og Finnmark. Eg vil samanlikna med katastrofen som traff Finnmark og Nord Troms hausten

1944, då Hitler jaga ut alt folket og brende kvart hus. For kjøp og sal av fiskekvotar er vedvarande lovbrot som har ramma og rasert massevis av fiskevær langs vår langstrakte kyst, mest i nord.

I Loppa kommune var det eksempelvis først på 1960-talet 2400 innbyggjarar, i dag er det ikkje att meir enn vel 700. Dette er berre eitt døme på resultatet av gårsdagens og dagens fiskeripolitikk.

Mange - kanskje dei fleste som kunne tenkt seg fiske som yrke er utestengde, for kvotar kostar gjerne fleire ti-tals millionar kroner.

Dette er resultatet av trålreiarane sitt ran. Me hadde eit godt system med gratis utlån av fiskekvotar; som sjølvsagt avspegla seg på fiskeprisen til det kjøpande publikum.

Betre kunne det ikkje vore forvalta for det norske folk..

Ser me tilbake på fiskeripolitikken, så var det eit feilgrep at trålfiske blei gjeninnført i 1951, den gong for å skapa heilårlege arbeidsplasser i fiskeindustrien på land. Dette blei gjort i beste meining av ei regjering som neppe hadde nok fiskerikompetanse. Statsminister Einar Gerhardsen sa:

«Står vi sammen om dette tiltaket, skal vi kunne si at landet langt der oppe mot nord er en fullverdig del av fedrelandet».

Trålfiske er det desidert dyraste og mest destruktive fisket som finst.

Dei går langt til havs, brukar store mengder subsidiert diesel og sopar botnen for korallrev, yngel og halvvaksen fisk i oppvekstområdet til fisken.

FN-rapporten: «IN DEAD WATER» som kom i 2008, tilrår FN å forby trålfiske i heile verden. EU vurderar nå det same.

Med ei meir miljømessig forvalting av havet, kunne me ha teke på land fleire gonger så mykje fisk som me tek opp i dag.

Når det gjeld oppdrett så er det lukrativt for dei få, - men som Simen Sætre og Kjetil Østli , forskarar og forfattarar av boka: «DEN NYE FISKEN», skriv:

«Jo mer laks vi produserer, desto mindre mat blir det i verden». Dette på grunn av at oppdrettsfisken et meir god mat enn han produserar. På bakgrunn av dette blir konklusjonen at lakseoppdrett som i dag er ein heilt unødvendig produksjon, som i tillegg har eit gigantisk negativt fotavtrykk i klimarekneskapet.

Havet er vårt store matfat. Men me er på ville vegar.

Vårt mål bør vera eit best mogeleg liv for alle på denne jorda.

Men då må me fylgja loven, og spela på lag med naturen.