INNLEGG: Nils Myklebust og Stig Oldeide

Denne organisasjonen har vi både beundra og hatt stor respekt for i alle desse åra. Respekt for kor grundig saker har vorten handterte, for så å stå seg over tid. Noko vedtaka også har gjort. Vi har også vore leiarar i ei rekke ulike verv innanfor Norges Fiskarlag i over 20 år, skriver Nils Myklebust og Stig Oldeide, fiskarlagsmedlemer sidan 60- og 70-talet.Norges Fiskarlag har som organisasjon nytt respekt og beundring, både blant politikarane og byråkratiet i Norge og andre land. Organisasjonen har evna å ta omsyn til breidda i norsk fiskerinæring og gjort vedtak som har gagnet fiskeri-Norge på ein framifrå og framsynt måte.

I seinare tid så har vi registrert at det har vore betydeleg uro i organisasjonen, dette har gjeve grunn til bekymring. Vi har vore vitne til fleire merkeleg vedtak, der det har vore vanskeleg å få auge på heilheits tenkinga. Noko som tidlegare har vore Fiskarlaget si styrke.

Dette vitnar om dårleg leiing over tid.

Skal vi finne årsaka til den uroa som no har komen til overflata, så må ein nokre år tilbake, ja faktisk tilbake til det store kvoteforliket i 2001. Det var ikkje vedtaket som var noko gale med, men den manglande oppfylginga av spesielt eit av punkta i denne Landsmøtesaka, og det er korleis Fylkesfiskarlaga skulle være sikra si finansiering. Der vart også ein grenseoppgang av kva som skulle høyre til fylkeslaga og kva som var Fiskebåt sitt område. Ein kunne vere medlem begge plassar, men det var tariffområda som gav føringane. Dette var for at ein ikkje skulle få missfornøgde grupper som ville bryte med organisasjonen. Men det var nettopp det som skjedde.

Når vedtaket ikkje blei oppfylt medførte det ei utholing som gav Fylkeslaga dårlegare økonomi. Noko som medfører at fylkeslaga ikkje har økonomiske midlar til å ivareta medlemmane sine interesser og som igjen medfører missnøye på grasrotplan.

Det neste som kom var kravet om omstrukturering av Fylkeslaga med samanslåing. Dette kom ikkje frå medlemmane, men frå sentralt hold. Denne saka vart ikkje lagd bort, sjølv om landsmøtevedtaka stemte dei ned.

Tysdag den 11.5 sist veke kom der ei sjokknyheit frå eit digitalt Landsstyremøte i Norges Fiskarlag om at det snarast mogeleg ville kaste ut Fiskarlaget Nord, tidlegare Troms og Finnmark Fiskarlag, frå organisasjonen.

Der var i utgangspunktet berre ei sak på saklista til dette landsstyremøte som stod på dagsorden. Det gjaldt den såkalla tredjelands fisken som hadde sin bakgrunn i opprettinga av dei økonomiske sonene i 1977. Der det var av den dåverande fiskeriminister Jens Evensen gjort soleklare lovnader at Norge gjennom byteavtalar med andre land skulle sikrast at vi på Vestlandet skulle kunne fortsette med det tradisjonsrike fiske etter lange og brosme i no det britisk område. Dette klarte også Landsstyret å rote til på uforklarleg vis.

Men så dukka saka angåande kva som skulle skje med Fiskarlaget Nord opp «som troll ut av eske». Utan å ha stått på saklista. Utan at verken dei andre fylkeslaga eller landsstyremedlemmane var forberedt og utan at saka var tilfredsstillande utreda og førebudd.

Det er i aller høgste grad kritikkverdig saksbehandling, dette bør brukast som eksempel i framtida over korleis saker ikkje skal hand samast. Det skapar heller ikkje tillit når leiar Kjell Ingebrigtsen i sitt fredagsbrev til medlemmane skriv at dette var ei gjennomtenkt sak.

Dette trur vi er den verste handsaminga av ei alvorleg sak vi nokon gong har sett. Når ein hovudorganisasjon vil som eit hasteforslag ekskludere eit av sine fylkeslag, ja så er det noko som krev ei heilt annan handsaming. Ikkje berre hasta det, det brenn med å få dette gjort snarast mogeleg. Kvifor?

Utanfor all tenkeleg organisasjonsmessig handsaming. Dette går faktisk ikkje an, Kjell Ingebrigtsen og co.

Dette er eit hån mot medlemmane som dere handlar på vegne av.

Det er vedtekne mønsterlover i organisasjonen, disse har no Fiskarlaget Nord peika på i sitt årsmøtevedtak hausten 2020, der det faktisk er bestemt gjennom lovene korleis ei slik uttrede skal skje.

Då kan ikkje Landstyre sette disse lovene med tidsfristar og det heile til sides. Landstyre må styre etter disse lovene ikkje på sidene av dei. Så kan ein vere einig eller ueinig med Fiskarlaget Nord sitt årsmøtevedtak, men det må handsamast rett og det gjer ikkje landsstyret no.

Så har leiar Kjell Ingebrigtsen opplyst at han hadde vore i kontakt med fylkesleierane på førehand.

Onsdag den 12.5 så vart det gjort eit vedtak i styret i Sogn og Fjordane Fiskarlag som seier det stikk motsette, du hadde ikkje vore i kontakt med fylkeslaga, iallfall ikkje Sogn og Fjordane. Her villeia du landstyret også.

Vi vil foreslå at landstyret framskundar Landsmøtet som skulle vere i November og velje heilt ny leiing og arbeidsutval i Norges Fiskarlag, først då kan Norges Fiskarlag bergast frå oppløysning.

Fiskebåt sin Leiar Jonny Berrfjord har «toet sine hender» og i fleire avisinnlegg skrevet at Fiskebåt har gjort sitt ytter ste for å halde Norges Fiskarlag samla.

Vi vil då minne Fiskebåt på alle gongane dei brukte truslar om utmelding dersom dei ikkje fekk det som dei ville, så vær i det minste litt audmjuke, det kan tene saka.

Som ein digresjon vil vi minne om at det å halde nokon utanfor organisasjonen førte til at vi fekk Norges Kystfiskarlag og vi fekk splittinga innan Fiskebåt med Pelagisk Foreining av same grunn. Der det var fleire medlemmar som ikkje vart lytta til og mindretalet vart det same heile tida. Vart ein så kvitt disse brysame folka? Nei tvert imot, no er begge disse livskraftige organisasjonar. Har Landstyre ingen ting lært av tidlegare feil?

Vi har ingen tru på at det er vegen å gå med å danne grupperinga av verken båtstørrelsar eller reiskapsgrupper.

Dei vil då verte sittande i fora og kunn ha som mål å verte einige med seg sjølve. Det å ta omsyn til naboen som har ein annan driftsform eller båtstørrelse får andre ta seg av.

Men kven skal då sy saman eit vedtak frå ei samla fiskerinæring? Det vert å gjeve Landsstyre ei umogeleg oppgåve og alle vil verte misfornøgde med vedtaka.

Nei, få til breidda i vedtaka og gjer dei grundig slik at dei får legitimitet både blant medlemmane og myndigheiter, her står alt for mykje på spel for den framtidige fiskerinæringa i Norge.

Lukke til!