Inntil Regjeringa Gerhardsen i 1951 industrialiserte fisket med innføring av trålfiske, hadde vårt folk levd ved eit fiskerikt hav gjennom meir enn tusen år.

Trålen blei først lansert på 1890-talet. Men etter ein prøveperiode, blei fiskarar og myndigheter samde om at tråling var eit rovfiske dei ikkje ville ha. I 1936 blei trålfiske forbode i Noreg. Dei trålarane som allereie var i drift, fekk aller nådigst lov å halda fram i ein avslutningsfase, nokre år til. Men så, i gjenreisingsfasen etter Andre Verdskrigen, då regjeringa var i ferd med å byggja landet og skapa nye arbeidsplassar, foreslo statsminister Einar Gerhardsen at dei skulle gjeninnføra trålfiske for å kunna skapa heilårsarbeidsplassar av dagens sesongarbeidsplassar i fiskeindustrien på land.

Me kan merka oss at dette var eit forslag frå landkrabbar, folk som ikkje hadde røynt havet  Dette skriv Ragnar Nilsen i boka: «Fiskere og ressursbruk i nord»: «Det som verken var logisk eller akseptabelt var at lederskapet i sosialdemokratiet kunne ty til maktovergrep på sin veg mot reliseringa av det moderne Nord-Norge. I 1952 ble den nye fiskeripolitikkens fremste motstander, stortingsrepresentant for AP, Jens Steffensen fra Vesterålen, fjernet som formann i Fiskarlaget med metoder som bare kan sammenliknes med det som fantes i de statskommunistiske regimene.

Statsminister Einar Gerhardsen, fiskeriminister Reidar Carlsen og LO-sjef Konrad Nordahl reiste ens ærend til landsmøtet i Fiskarlaget i Trondheim og fikk tatt av Steffensen som formann i organisasjonen, etter at han var innstilt til formann for en ny periode. Bakgrunnen for dette overgrepet var at Steffensen fortsatte sin motstand mot de nye trållovene etter at

disse var presset gjennom i Stortinget mot et flertall i Arbeiderpartiets stortingsgruppe».

Ifølgje Helge Arild Bolstad blei «løysinga» på konflikten at trålfiske fekk ekspandera, men blei regulert med konsesjonar. Staten betalte nærast både båt og bruk for dei som ville starta med trålfiske. Kystflåten fekk inga støtte, men fekk halda fram med fritt fiske.

Denne statlege satsinga på utbygginga av trålarflåten blei eit talande eksempel på sjølvundergraving. Utbygginga bidrog til ein overkapasitet i fiskeflåten og resulterte i ei øko-katastrofe som ramma Barentshavet og Norskehavet på slutten av 1980-talet, då dei viktigaste fiskeslaga var blitt sterkt nedfiska.

I 1990 blei det for første gong sett ei totalramme for kor mykje fisk kystflåten kunne ta opp. Masse kystfiskarar blei utestengde frå å delta i fiske, mens alle trålarane fekk halda fram. Den tidlegare frie kystfiskaren blei dessutan fanga inn av detaljerte reguleringar, kor fridommen og sjølvråderetten på havet blei drastisk redusert.

Ein trålreiar som ville slutta, drista seg til å selja den verdfulle kvotan han hadde til låns av fellesskpets fiskeressursar - for fleire millionar kroner. Alle veit jo at me har ikkje lov å selja det me har lånt. Men slik kom faktisk det alt-øydeleggjande kjøp og sal av fiskekvotar inn i norsk fiskerinæring utan at myndighetene greip inn.

Ikkje nok med at trålreiarane fekk selja kvoten dei hadde til låns. Dei fekk og frie hender til å tilrana seg så mykje kvotar dei evna. Derfor disponerar den havgåande flåten i dag nær halvparten av den norske fisken.

Her er det grunn til å minna om at FN-rapporten: «In Dead Water» som kom i 2008,

konkluderar med at trålen er den absolutt verste fiskereiskapen me har.

Rapporten tilrår FNs Generalforsamling å forby trålfiske i heile verden.

Me hadde eit godt system med fritt fiske og utlån av konsesjonar til trålarane. Betre kunne det ikkje vera for det norske folk. Nå er Deltakarloven neglisjert. Det finst framleis ingen heimel i norsk lov for kjøp og sal av fiskekvotar. Dagens skakkjørte fiskeripolitikk kviler med andre ord på kriminelle handlingar.

Kjøp og sal av kvotar kostar, og kven andre enn dei som kjøper fisken må betala dette?  Pengar dalar då ikkje ned frå oven. Og kor urimeleg er det ikkje at DET NORSKE FOLK, eigarane av fisken,  til og med finansierar ranarane sin kvotehandel!

Nå ventar me på KVOTEMELDINGA. Vil våre politikarar verkeleg framleis halda fram å gå utanom lov og rett?