Eg viser til artikkel den 23. februar som omhandla møtet med Olve Grotle og Alfred Bjørlo om bord på «Andrea L» den 21.02. Temaet var den nyleg framlagde kvotemelding 2.0.

Underteikna var sitert på at fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth her valde minste motstands veg, og auka kvotegrunnlaget til dei mest høgrøysta. Det er korrekt sitert, og eg står sjølvsagt inne for det.

Sidan 2001 har kvotefordelingane flåtegruppene i mellom lege fast. Bakteppet var det såkalla Ressursfordelingsutvalet, som leverte si innstilling same år, og som vart vedteke på landsmøtet til Norges Fiskarlag, med overveldande fleirtal. Ressursfordelingsutvalet gjorde ein aldeles fabelaktig jobb under leiing av den eineståande Johannes Nakken, og utvalet talde elles ressurspersonar som Reidar Nilsen, Kjell Ingebrigtsen, Knut Vartdal, Inge Halstensen og Knut Arne Høyvik. Sekretariatet skaffa til veges alt som fanst av dokumentasjon og statistikk. Innstillinga fekk som sagt fleirtal, og sidan har den norske fiskar hatt arbeidsro og gode tider. Vi var rett og slett arme og leie av å kjekle så fillene fauk om meir til vår sjuke mor. Her måtte berre kome på plass noko som sto seg over tid, og ville vi ha meir, så fekk vi vær så god hente det frå våre eigne. Les; strukturering innanfor flåtegruppene!

Desse fordelingane har i over 20 år vore nærmast eit grunnfjell som den norske fiskeflåten kunne stå trygt på. Det store fleirtalet av fiskarar har skjønt at dette var det beste som kunne oppnåast, og har omrømma seg som best dei kunne innanfor si eiga flåtegruppe. Men så hevar det seg misnøgde røyster med rungande utestemme, og så skjer det: Ministeren lånar øyre til desse, og rokkar ved ei velfungerande rettesnor med grunngjevinga «ei meir rettferdig fordeling av ressursane». Sitat slutt.

Kva som er rettvist og ikkje kjem an på auga som ser. Når storleiken på kaka er gitt av havforsking og forvaltning, så er det innlysande at dersom ein skal få eit større stykke, så får ein annan som treng det like mykje eit mindre. Det er ikkje som i eit lønsoppgjer eller eit statsbudsjett, der potten kan aukast i takt med god lønsemd i næringslivet, eller med bruk av oljepengar. Pengane våre heng på ein linekrok, i ein garnmauske, ein trålpose og ei snurpenot. Og dersom det er slik at ein vil fordele denne fisken meir rettvist, så må det i det ligge at nokon er urettvist handsama. Kan vi venlegast få greie på kven det er? Flåtegrupper? Fartøy? Enkeltpersonar?

Metaforen David og Goliat går att i den norske fiskeridebatten. Kystflåten er vesle David som berre hadde ei slyngje og nokre steinar å hjelpe seg med mot store, sterke Goliat i havfiskeflåten. Men kanskje ein skulle ha i mente at David slett ikkje var nokon engel. Han vart seinare konge, og unnsåg seg ikkje for å plassere krigaren Urias i fremste rekkje i striden for å kunne overta den vakre kona hans, Batseba. Urias fall, og vi fekk nemninga uriaspost.

Og han var unekteleg ein kløppar til å kaste stein!