×
Nyheter Debatt Kystfolk Langs kysten E-avis Rubrikk

Bardzo dobrze - labai gerai - very good - veldig bra

Debatt

Dette er heltene i årets sesong, skriver fiskeskipper og kystreder Arne Inge Nygård fra Misund. Motivet har Kyst og Fjord hentet fra Gunnar Klos avdeling på Stø, der plassjefen sørget for å knipse lagbilde av 2021-gjengen i midten av mars.  Foto: Leif Godvik

Jøkul 2

Foto: Jøkul/Nystrøm

Det er mykje snakk om havets helter for tida, men det er på høg tid å rope eit hurra for dei som har sørga for at fisken faktisk kom opp på kaikanten, i produksjonen og så til markedet i desse coronatider .

Når land etter land stengde ned og folk blei oppfordra til å reise heim, tenkte vi i vårt stille sinn; kva skjer no? Dette har på ingen måte vore ei sjølvfølge.

Vi var smerteleg klar over kven som køyrde trucken, stod med graideren, gørra, fileterte, isa, pakka og fraus fisken, og har faktisk gjort det dei siste 10-20 åra.

Mens mange av oss blei beordra til heimekontor, stod våre helter på post. Dei drog ikkje til Polen, Litauen eller Estland. Utruleg nok blei dei her og vi kunne puste letta ut for ei stund.

På nyåret stengde myndighetene landegrensa med nærast umiddelbar veknad. Dette førte til at titusenvis av arbeidere som skulle jobbe under vinterfiske vart utestengd.

Jøkul 1

Foto: Jøkul/Nystrøm

Mens vi fortsatt satt på heimekontor, sikkert litt sure og leie sjølv om pengane hopa seg opp, måtte våre sanne helter gire opp eit hakk. I tillegg til sin jobb måtte dei så godt det lot seg gjere, fylle tomrommet til dei forviste på grensa.

I vinter har vi levert hos Vikomar, Nergård Senjahopen og Lerøy Kjøllefjord.

Da Ålesund slo favoritten Molde i cupfinalen på Ullevoll, uttalte trener Kjetil Rekdal at dette var coaching i verdensklasse, han var heilt i ekstase.

For oss er coaching i verdsklasse den jobben Bård på Senjahopen, Daniel og Kurt Idar i Kjøllefjord og Kristoffer på Vikomar har utført siste året overfor våre utenlandske profesjonelle arbeidere i fiskeindustrien! Gjengen dei har leia har det siste året tusenvis av 2 x 45 min bak seg i produksjonen. Arbeidarane vi har snakka med verka fornøgde, men såg sjølvsagt fram til eit normalt liv igjen.

På vegne av oss om bord i Jøkul og Nystrøm og 

sikkert mange fleire:

Dziękuję Ci - Ačiū - Thank you

Tusen takk

Jøkul 3

Et av mange blide fjes Arnt Inge Nygård og mannskapet på Jøkul og Nystrøm møtte i vinter. Foto: Jøkul/Nystrøm

Jøkul Frode Adolfsen

Jøkul. Foto: Frode Adolfsen

Nystrøm Frode Adolfsen

Nystrøm. Foto: Frode Adolfsen

På forsiden nå