×
Nyheter Debatt Kystfolk Langs kysten E-avis Rubrikk

Dra på Lopphavet! Rotevatn

Debatt

Skribent John Gustavsen ber Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn dra på Lopphavet. 

«Nokre oppklarande ord om Lopphavet» er tittelen på eit innlegg av Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn i Nordlys 2. juli. Etter å ha lese ministeren sine ord, er det vanskeleg å forstå kva han meiner. 

john-gustavsen

John Gustavsen, skribent

  Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om «planar for vidare arbeid med mellom anna marine verneområde langs kysten». Rotevatn forsikrar oss om at det er «norske vernereglar som gjeld». Men tenk om desse vernereglane tok omsyn til nettopp dei som bur nær og haustar av den blå åkeren. 

  «Eg vil snakke om Lopphavet» forsikrar ministeren, og då må ein kunne forventa at han tek turen til kommunane Kvænangen, Loppa og Hasvik. Men han er redd covid-19 og difor vil han berre «møtast via ein skjerm». Såleis distanserar han seg frå levande menneske som snakker både med kjeften, auge, øyre, armar og bein.

  Om ministeren vil tryggja Lopphavet og kystfolket, kunne han sjå på skadane frå lakseoppdrett i dei nemnde kommunane. Kan desse vera i samsvar med nemnde stortingsmelding? Berekraft? Naturvernforvaltning? Internasjonale reglar? Rettferdig skattlegging av enorme inntekter? 

  Straks Rotevatn er vaksinert frå smitte og frykt for folk, kunne han t.d. vitja fjordfiskaren Odd Harald Olsen som bur i Frakkfjord i Loppa. I eit oppslag i den prisløna avisa Kyst og Fjord (uke 24/2021) er overskrifta «Fiskemerd ødelegger for Odd Harald». Lik mange andre kystfiskarar har Olsen vore utsett for indirekte vald frå både styresmakter og oppdrettsføretak. Lakseoppdrett har øydelagt fjordane for generasjonar. Difor passar det her med språkleg bistand frå radiohøyrespelet Stompa:

  Nei, dra på Lopphavet! Rotevatn.

På forsiden nå