×
Nyheter Debatt Kystfolk Langs kysten E-avis Rubrikk

- Forskningstokt bør ikke hindres

Havfiskeflåtens organisasjon er sterkt kritisk til avlysningen av forskningstokt. 

Fiskebåt mener det er alvorlig at lokale karanteneregler ødelegger for toktene.  Foto: Robin Hjertenes/ HI

Fiskebåt stiller seg undrande til at fleire viktige forskingstokt blir avlyst eller blir korta ned som følgje av koronapandemien, og ber om at dette blir endra.

- Forskingstokta er avgjerande for å berekne kor myje fisk som er berekraftig å hauste, skriv Fiskebåt i eit brev til Nærings- og fiskeridepartementet.

Karanteneregler ødelegger
I eit brev til Nærings- og fiskeridepartementet og Havforskingsinstituttet (HI), blir det vist til at det ser ut som det er andre reglar som gjeld for forskingsfartøya enn for fiskeflåten. Problemet for forskarane er dei lokale karantenelovene som pålegg mannskap å site 14 dagar i karantene før dei kan mønstre om bord i fartøya. For fiskeflåten er det avklart at karantenen kan avviklast om bord på visse vilkår, og viss ein reiser direkte frå flyplass til fartøyet.

Viktig arbeid
Fiskebåt viser i brevet til at ressursforskinga har ein direkte og nær samanheng med fiskeriaktiviteten og at difor mykje talar for at det fiske- og forskingsfartøy bør vere likestilte i forhold til karantenereglane.

I brevet blir det også lagt vekt på at kor viktig det er med vedvarande og gode forskingstokt for å berekne storleiken på fiskebestandane som i neste om gang legg grunnlaget for kor store kvotar som er berekraftig å hauste av.

Her kan du lese hele brevet til Havforskningsinstituttet og fiskeridepartementet

På forsiden nå