×
Nyheter Debatt Kystfolk Langs kysten E-avis Rubrikk

Lever fortsatt visjonen om 200 mrd. i sjømateksport?

Over dei siste ti åra har sjømateksporten vokse med knappe 5,9 mrd. kroner per år i fylgje Sjømatrådet, og før korona var det venta at denne veksten ville halde fram. I fylgje Sjømatrådet sine berekningar ville det gi ein eksportverdi på knappe 170 mrd. i 2030, ein verdi ein kunne auke med ytterlegare 30 mrd. gjennom posisjonering og synleggjering av norsk sjømat som bærekraftig. Etter korona har nok ein del føresetnadar og forventningar til reknestykket fått seg ein liten knekk.

Debatt

Med koronapandemien har både forutsetninger og forventninger til 230-visjonen fått seg en knekk, skriver rådgiver Kay Ove Hafsaas i dette innlegget. Foto: Fiskebåt

Verda og konsumentane er godt inne i eit grønt skifte, og bærekraftige produkt er normalt sett ei vare ein kan vere viljuge til å betale noko meir for. Før korona hang reknestykket godt i hop, men no...?

Eksporthistorikk
Dei siste ti åra har snitteksporten av norsk sjømat vore 2,6 mill. tonn årleg, og eksportverdien har dobla seg frå 53.8 mrd. i 2010 til 107,3 mrd. i fjor. Fiskeriandelen har falt frå nesten 70 % til i underkant av 60 % i volum, og frå 40% til 30 % i verdi. Sjølve volumveksten er det difor Havbruksnæringa som har stått for. Volumet i fiskeria er naturleg nok styrt av ressursgrunnlaget, og for villfisk har volumet falt litt i perioden. Det er ergo ikkje volumvekst som har sørga for ei dobling av eksportverdien dei siste 10 åra.

Sidan 2010 har eksportverdi per kilo dobla seg fram til i dag. I 2010 låg verdien per kilo i underkant av 20 kroner, men i 2019 bikka me 40 kroner kiloen. Prisvekst har difor vore den viktigaste drivaren bak den fine utviklinga i eksportverdi dei siste 10 åra. Auka pris er ein kombinasjon av mange ting. Sjømat er til dels ressursbegrensa, etterspurnaden etter sjømat har auka, det grøne skifte har dreia konsumet mot meir bærekraftige og sunne produkt, produktutvikling/bearbeiding etc. For norsk sjømat har også svakare NOK bidrege, og er ein betydeleg årsaksfaktor. 

Svak NOK
Basert på ei forenkla antaking om at norsk sjømat eksporterast 50% i EUR, 40 % i USD og 10 % i JPY jamt over, finn me at NOK har svekka seg i snitt 3,5 % årleg mot denne valutakurva i perioden 2010-2019. Prisjustera me denne effekten i eksportverdi per kilo finn me at svakare NOK kan forklare inntil 50 % av eksportverdiauken dei siste 10 åra. Her vil det sjølvsagt vere variasjonar innanfor både havbruk og fiskeri, pelagisk og torskefisk etc., men den raude tråden er at NOK effekten har vore betydeleg for næringa generelt i perioden.

Svakare NOK kan difor i stor grad forklare inntil 3 mrd. av den årlege eksportverdiveksten i perioden 2010-2019. Er det eit bidrag ein kan forvente også framover? Ja, i alle fall for 2020, der svakare NOK definitivt vil gi eit positivt eksportbidrag sidan NOK har fått seg ein ytterlegare knekk no grunna marknadseffektar av koronasituasjonen. Eit eventuelt fall i nominell eksportverdi i 2020 vil nok vere eit resultat av andre ting enn NOK.

NOK effekt frå 2021
Frå 2021 er derimot vegen meir usikker, og me vil nok sjå både avtakande og periodevis motsatt NOK effekt på eksportverdiane den komande 10 års perioden. Uansett vil det høge kostnadsnivået, handelsunderskot ex olje og den låge produktivitetsveksten i AS Noreg bidra til at me uansett ikkje treng frykte den store NOK styrkinga framover.

I ein situasjon der koronakrisa no framover i all hovudsak må handterast finanspolitisk for å få økonomiane på fote igjen er Noreg i ei særstilling sidan økonomiske stimulansar i all hovudsak kan finansierast via midlar på bok. Når OPEC + i tillegg har skjønt alvoret og har gjennomført betydelege produksjonskutt, verkar det verste også vere over for nedsida i oljeprisen. Dette, samt begrensa smitte i befolkninga, bidreg til at Noreg vil kunne handtere den usikre perioden framover betre enn dei fleste når det gjeld å få hjula i gong att. Det bør redusere sannsynet for svakare NOK enn det me har sett hittil i 2020 framover. Ei vedvarande årleg NOK svekking på 3,5 % frå 2021 og utover er difor ikkje noko ein bør rekne med.  

200 mrd. visjonen med utfordringar

Redusert NOK effekt framover samt utfordringar kring korona kan difor gjere det utfordrande å nå visjonen om 200 mrd. før 2030. Korona rammar sjømatindustrien gjennom pågåande tiltak for å dempe smitte og effekten av desse på kjøpekraft og forbrukaråtferd. Verda vil bruke lang tid på å hente inn igjen aktiviteten frå pre korona, og truleg vil denne krisa medføre ei rekkje konkursar og lågare sysselsetjing over ei lenger periode. Både her heime, og internasjonalt vil nok mange oppleve eit fall i kjøpekraft dei neste par åra. Det vil jamt over gjere den gjengse forbrukar meir selektiv og dreie konsum/forbruk mot det nødvendige og meir rimelege alternativ. I denne konkurransen vil det kunne gi eit press både på prisar og volum i dei fleste næringar. Sidan befolkninga veks, og folk må ha mat, vil truleg sjømatnæringa likevel bli mildare råka enn andre over tid. Mykje tyder også på at pelagiske artar vil stå koronaeffektane betre av enn tilfellet er for torskefisk og til dels laks.

Hotell og restaurantmarknaden vil også bruke tid på å kome tilbake til normalen. Før det føreligg ei vaksine vil folk naturleg nok vere meir reiserestriktive sjølv om grensene opnast, og redusert kjøpekraft vil sannsynlegvis redusere antall restaurantbesøk ei periode.  

Det er og grunn til å tru at lågare kjøpekraft gjer folk mindre betalingsviljuge ovanfor bærekraftige og sunnare alternativ. Meirverdien av bærekraft vil difor truleg falle samanlikna med ein normalsituasjon med full aktivitet i økonomiane. Det har også vore undersøkingar den siste tida, både nasjonalt og internasjonalt, som har peika på enkelte tendensar mot meir usunt kosthald under koronaperioden. Dette er ikkje gunstig for sjømatnæringa totalt sett om ein slik tendens får rotfeste.

Tiltak kring korona gir ein del logistikkutfordringar, og transport blir dyrare. Usikkerheit kring næringar og økonomisk utvikling har ramma kredittmarknaden. Kredittrammer har blitt reduserte, kredittforsikringspremiane har auka og vurderingane kring eksisterande og nye engasjement har blitt strammare. Dette gir utfordringar for eksportnæringane når det gjeld tilgang og kostnadar til eksisterande marknader, men ikkje minst i det å finne nye marknadar og nye kundar. Økonomisk usikkerheit set større krav til likviditet, dempar investeringslysta, og tilgangen til finansiering blir vanskelegare. Innovasjon og verksemdsutvikling kan verte skadelidande.

Mange fryktar også at koronasituasjonen vil redusere internasjonal handel framover sidan forventningar til auka nasjonal proteksjonisme kan medføre handelskonflikter som blussar opp igjen. Fleire importbarriere er det siste marknaden treng i gjeldande situasjon.

Visjonen lever
Koronasituasjonen har difor gitt 200 mrd. visjonen innan 2030 fleire fartsdumpar. Det einaste sikre er at verda vil ha lågare aktivitet framover, og enkelte meina at den variasjonen og det utbodet me hadde på tilbodssida innan varer og tenester pre korona aldri kjem tilbake.

For enkelte næringar vil nok dette stemme, men innan sjømatnæringa vil me nok med tida overskride tidlegare toppar. Folk må ha mat, og det blir stadig fleire munnar å mette. Då handlar det om å posisjonere seg slik at norsk sjømat blir det føretrekte alternativet framover. Det stiller krav til heile verdikjeden, alt frå eksempelvis effektivisering, kvalitetsheving og produktutvikling til marknadsføring og synleggjering av bærekraft etc. Dette er kostbare prosessar, men er eit arbeid som bør intensiverast no medan marknaden og verdsøkonomien er nede i kneståande. Det vil ein med stort sannsyn få betalt for når verdsøkonomien er tilbake på stødige føter.

200 mrd. i 2030 er difor framleis mogleg. Det er hope in the hanging snore som Nils Arne Eggen sa det i si tid. Korona har berre gjort visjonen litt vanskelegare å oppnå. Ein kan heller ikkje rekne med at NOK effekten dei neste 10 åra blir tilsvarande dei ti føregåande, noko som gjere visjonen enno vanskelegare å realisere.

I 2030 veit me derimot svaret. Alle er heldigvis profetar når ein ser seg attende.

På forsiden nå