×
Nyheter Debatt Kystfolk Langs kysten E-avis Rubrikk

Takk Ole Mindor!

Heftig vind. Iskaldt. Snøkaos. Sjølvsagt sterkt forseinka og ikkje minst nervøs. Den største skårungen midt i ei forsamling med levd liv. Eg tuslar inn i resepsjonen på hotellet i Svolvær og rekk så vidt å presentere meg for resepsjonisten før ein herremann i sofaen bak meg bryt inn; «Å ja, det e du som er Haram ja». Sidan desemberkvelden for seks år sidan har det knapt vore ei veke me ikkje har snakkast saman. Ole Mindor, Noregs herr Kval. 

Eg visste så ekstremt lite. Ein eks-journalist med nokre få turar på havet der heilt andre ting enn harpun og utsiktstønne var utgangspunktet. Eg hadde knappast smakt det raude fabelaktige kjøtet. Frå ei øy litt lenger nord enn meg og over 50 år med erfaring. Kunnskap ein berre kan drøyme om. Ei vilje til å kjempe inderleg for det ein har tru på. Betre læremeister var det knapt mogeleg å ha i ryggen. Noko motvillig sa eg ja til å ta på meg vervet som styreformann i eit arbeid som heilt sidan starten har vore motbakke. Den som utan tvil har vore med å motivert meg var min læremeister: «Øyvind, du må vite at vi arbeider med kjøt frå havet. Kjøt som verda treng meir av. Kjøt som er bærekraftig og ikkje minst ekstremt sunt.» 

Å arbeide med dei største skapningane i havet skulle i utgangspunktet vere det mest jevaste. Det som får mest merksemd og vekkjer mest interesse. Norsk kvalfangst har hatt gigantiske utfordringar dei siste 50 åra. Stopp, handelsforbod, boikott, sabotasje, motvilje, ignoranse og manglande interesse. Pilenen har berre peika ein veg. Eit slitt utrykk heiter å stå an av. Harøya er på det meste paddeflat. Ole Mindor sto fjellstøtt. Han takla motvind frå alle kantar. Han takla orkan. Kvifor? Han hadde trua. Han elska å vere sosial og prate. Han ringde til alle døgnets tider. Frå flysetet på veg til kunder i Japan, rett før familiekosen ein laurdagskveld, medan eg pussa tennene på badet. Han hadde vilje og eit brennande ønskje: «Øyvind, folk flest har utruleg godt av å ete meir kval.» 

Ein vårdag i Ålesund for to år sidan. På podiet på Scandic Parken hotell stod Ole Mindor på scena. I salen sat heile norsk sjømatnæring. Sjømat Norges årskonferanse, 400 røyste seg og klappa av respekt. Ole Mindor får sitt andre spesialitetmerke frå Matmerk. Ingen andre frå sjømatbransjen hadde då fått denne utmerkinga. I augekroken denne kvelden ser eg det blenkje hjå Ole. Han er tydeleg stolt. Han har fått si rettmessige annerkjenning. 

Snodig nok er det omtrent like etter at noko skjer i norsk kvalfangst. I blesten me normalt står i byrjer fleire å legge merke til produktet. Restauranter, kokkar, journalister, tv-program ja sjølvaste BBC vil lære meir. I merkevareforeninga får me telefonar og e-postar me aldri har fått før. «Hvor finner jeg hvalkjøtt? Stemmer det at fangsten nå er bærekraftig?» Seinhausten 2019 byrjer me så vidt vår fyrste reklamekampanje på 15 år. Sesongen 2020 har tala snudd. Me stogger fangstnedgangen. Fleire båter melder interesse og folk er utselde for kjøt. 

Det riv mildt sagt i hjarte å seie takk for no. Er det nokon eg hadde ønskja oppgang og suksess er det Ole Mindor. Eg hadde unna han at pinglete byråkrater og politikarar i Noreg tok steget med å å få kval igjen annerkjend som eit handelsprodukt det er fritt mogeleg å kjøpe og selje. (å fjerne kval frå den såkalla citeslista) Eg hadde unna han at kval frå Harøya sto i alle dagligvarebutikkar i Noreg. At Coop, Meny eller Rema hadde eigne kvalkampanjer med kval på tv. 

Ole Mindor du er enormt sakna. Kvil i fred, herr kval. 

PS! I respekt for Ole Mindor Myklebust håper eg du som les dette set deg litt meir inn i kva norsk kvalfangst er i dag. Les om det bærekraftige produktet frå havet som vi alle bør ete meir av.   – du finn informasjon på www.norskhval.no

På forsiden nå